VI UTNYTTER

LOKALE RÅVARER

 
VÅR HISTORIE

– Vi starta opp i 2006 fordi vi ønska å utnytte lokale råvarer i staden for å måtte kjøpe ost frå andre. Fransk ost er kjent som den beste i verda, og difor var det naturlig at det var her vi henta inspirasjonen frå. Lite visste eg då om kor vanskelig den eigentleg er å lage, ler bonde og dagleg leiar i Ostegården, Jørn Hafslund.

Restaurantkvalitet. Fransk ost blir nemleg sett på som den vanskeligaste osten å produsere. Men dei lærer fort i Fana, og no produserer Ostegården om lag 15 tonn ost kvart år. Coop og Meny har tatt inn produkta deira og har dermed spreidd dei frå Fana til heile Noreg.

– Sjølv om osten vår er i daglegvarebutikkane, er det likevel restaurantmarknaden vi leverer mest til. Nesten 70 prosent av omsetnaden vår kjem frå sal til restaurantar, seier Jørn, og påpeiker at dei òg produserer omtrent ni tonn yoghurt kvart år.

Lærer av eksperten

Ostegården fekk i 2013 ein ny tilsett i ysteriet, noko som gjer det mogleg for dei å utvide sortimentet sitt.

– Først og fremst skal vi perfeksjonere det vi har. Vi jobbar heile tida med å forbetre kvaliteten, og i fjor hadde vi for eksempel verdas fremste osteekspert, Bernard Mietton, på besøk for å lære av han. Samtidig snuser vi litt på nye ostar framover, men ingenting er avgjort enno, fortel Jørn, som i tillegg til brie og camembert òg produserer Fanaost og Jønsberg.